MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

tirsdag 7. mars 2017

Vår første dag i praksis

Malene jobbar på Kenbrook Nursing home, og der har dei ein blanding av både pasientar som er pleietrengande og har demens. Sjukeheimen er veldig heimekoslig med ein del hager og stover med forskjellige ting på som pasientane kan bruke som for eksempel eit biljardbord.
På denne sjukeheimen er tilsette veldig opptatt av pasientane sin verdigheit og god hygiene på arbeidsplassen. Første dagen hjalp eg til med å mate pasientane under frukosten, og da fekk eg beskjed på at eg måtte ikkje haste med kvar pasient men bruke god tid på kvar enkelt. Det var ganske mange personar som arbeida på same plassen på same tid, så det var ingen hast til å bli ferdige med arbeidsoppgåvene.
Det var gasnske mange te pauser, så det er aldrig ein kjedelig stund på sjukeheimen. Me hadde og sangterapi i 1 time saman med ein mann frå vie, som er ein gruppe som har sang og trening med pasientar på forskjellige sjukeheimar i London.
Alt i alt så har dette vert ein dag med mange nye inntrykk og opplevelser som har vert ganske posetive.

 


Line jobbar på Jack Gardner House, som er ein heim for jødiske vaksne som har ulike psykiske sjukdommar.  På heimen er det 15 bebuarar, dei har sitt i eige rom i tillegg kan dei bruke ulike rom for å ete, sosialisere seg, spele spel osv. Dei har også ein liten hage dei kan bruke no når det begynn å bli fint vær.  På heimen har dei fokus på å gjere brukarane så sjølstendige som mogleg. Dei stell seg sjølv, lagar sin eigen te og tar på sin eigen tallerken ved matbordet. Her på heimen et dei ansette ilag med bebuarane og dei kjenner kvarandre godt. Bebuarane får også gå inn og ut på dagtid slik dei sjølv ønskar. Mange har også ulike aktivitetar rundt om på dagsenter i London.

Min dag har for det meste gått til observasjon. Mi første arbeidsoppgåve var å vere med ein tilsett i banken med to av bebuarane. Etter dette gjekk vi for å handle ulike ting dei skulle ha på heimen. Eg har også vert med på å gjere skrivearbeid. I tillegg til dette har eg fått vert med å sjå på korleis bebuarane får kokkekurs.

Dagen min har vert heilt grei. Eg synest den gikk litt treigt, men dette er berre fordi eg ikkje har fått sett meg inn i rutinane til arbeidsplassen. Den største utfordringa mi idag har vert det å tale såpass mykje engelsk. Og det at mange av dei som jobbar der opprinneleg ikkje er frå England og derfor snakkar litt gebrokkent. Men dette er noko ein lærar seg til å forstå.
Alt i alt ein heilt ok dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar