MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

onsdag 8. mars 2017

Forventninga til første dag!

Heisann!

Her kjem ett innlegg om våre (Natalie og Iselin) forventninger om oppholdet vårt. Før vi reiste var vi veldig spente på korleis alt kom til å gå, haha, vi var litt skeptiske på overground systemet😅 Men det lærte vi oss egentlig første dagen vi skulle prøve det ut. Det går ikkje heilt an å forestille seg korleis alt kjem til å bli, men så langt har alt gått heilt strålande 👌 Før vi reiste hadde vi sjølvsagt fått veldig mykje informasjon, både frå lærar og elevar som reiste i fjor. Så vi følte oss ganske sikre på kva vi kom til på jobb. Det er annleis enn vanlig praksis i Norge, vi får ikkje vere med i stell, vi har egentlig berre vore sosiale og servert både: engelsk frukost, lunsj og te. Veldig mykje servering av te, haha. Vi håpar på å få vere med meir i andre ulike situasjoner på jobb. Vi hadde veldig høge forventninger om sjølve oppholdet og reisa i London❤ jobben hadde vi mindre forventningar til ettersom vi har hørt at standaren er dårligare her nede og på grunn av at vi ikkje får vere med på så mykje. Men menneska vi jobbar med er herlige, dei er smilande og høflige! Vi ser fram til fleire flotte dagar her i London😄😄

•Natalie og Iselin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar