MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

onsdag 8. mars 2017

Første dag på jobb!

Heisann!

Då var første dag i arbeid overstått. Eg (Natalie) jobbar på Riverview Lodge i Kingsbury. Arbeidsdagen min begynner 0830 og eg jobbar til 1630. Eg reiser heimafrå  (Watford) klokka 0715, eg går først 10 minutt til overgrunn-stasjonen, på toget sitter eg i 20 minutt, og etter det tar eg buss i 20 minutt til jobben. Det tar ikkje lang tid å gå frå busstasjonen og opp til jobb, ca. 5 minutt.

På min første dag var alt  litt hektisk, då sjefen ikkje var komt og kokken på kjøkkenet var sjuk. Så eg vart egentlig hive inn i alt med ein gong, men det gjekk fint, eg fekk prøve ut rutinene på jobb og bli kjend med pasientane. Første dagen gjekk egentlig i å servere ein typisk engelsk frukost, lunsj og te. Eg serverte te opp til 3 -4 gonger om dagen Alle pasientane er utrulig hyggelige og pratsomme! På mi avdeling er det 10 pasientar og fleire har ulike bakgrunner. Så eg har lært både gresk og spansk på jobb! Det har vore veldig lærerikt, og eg ser fram til fleire dagar i praksis. Endå har eg ikkje vore med på stell eller observert korleis dei gjer det, så eg håpar at etter kvart får eg vere meir med!


Eg (iselin) jobbar på Knights court nursing home i Edgware. Arbeidsdagen min er fra 09:30 til 16:00. For å komme meg til jobb må eg først gå i 10 minutt til overgrunn-stasjonen, så overgrunnen i 8-10 minuttar, og buss i 20-30 minuttar. Også går eg i ca 5 minuttar til jobb frå bussen.

På min første dag (igår) og min andre dag (idag), så har ikkje eg fått gjort så mykje. Det går mest i å ovservere og snakke med pasientane. Vi blir plassert hos pasientar som likar å prater, eller der det er aktivitetar. I går var eg med på nettball i eine avdelinga, som går ut på at du skal kaste ballen oppi ein nettkorg som står på golvet. Ellers har vi i dag fått stelt hendene og neglene til pasientar, og puzzla. Ellers er alle pasientane veldig hyggelige, og dei som jobbar der. På sjukeheimen er det 80 pasientar, og 4 avdelingar. Ellers håpar eg at eg kan vere med på å observere under stell etter ei stund.

•Natalie og Iselin




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar