MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

tirsdag 7. mars 2017

Førsteinntrykk

Første dagen gjekk til reising frå Bergen til London.  Flyet skulle då gå 14.25, men vi letta ikkje før rundt 15.00 på grunn av forsinkelsar, i tillegg til dette måtte vi vente 20-30 min ekstra før vi fikk lande. 

På flyplassen vart vi henta av ein buss der vi vart køyrd til ADC for å møte vertsfamilien. Vi bur hos ei dame som har budd i London dei siste 20 åra. På heimvegen viste ho oss og forklarte mykje om kor vi skulle reise med bussen og liknande. Og når vi kom heim fekk vi sjå rommet vårt og vart servert middag.  Vi bur då hos ei veldig hyggelig og hjelpsom dame, som forstår utfordringane vi har som elevar i nytt land.  Mange inntrykk slo oss første dagen og vi bearbeidar dei fortsatt hahaha. 

Andre dagen (mandag) tok vi buss til ADC college der vi fikk mykje informasjon om blandt anna kva vi kunne forvente oss og om kulturforskjellar. Vi fikk også ei oppgåve om å finne fram til arbeidsplassen sjølv ved hjelp av både buss og over/undergrunn. Dei gav oss ingen informasjon om korleis vi skulle komme oss heimanifrå til arbeidsplassen, så vi måtte då alternativt finne ei ny rute til første dag på jobb. 

Når vi hadde funne fram til arbeidsplassane reiste vi på shopping med resten av gjengen frå Førde. Shoppinga gikk for det meste i Primark, Boots apotek, TIGER og mat. 

Sidan vi er så flinke i geografi og å kjenne oss igjen på ukjente plassar så klarte jo vi å gå oss vill når vi skulle heim :))))) 
Vi måtte då ringe vertsmora vår som kom for å hente oss. At dette er ei både hjelpsom og talmodig dame er heilt sikkert. 

- Malene og Line

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar