MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

onsdag 22. mars 2017

Siste veka vår i London

Riverview Lodge- Natalie


Den siste veka i jobb har vore veldig bra, eg føler no at eg kan rutinene og arbeidsoppgåvene mine godt, og at eg virkelig hjelper til. Eg trivst utrulig godt her, det er eit kjempe humoristisk og fint miljø både når det gjelder kollegaane og pasientane. Eg har faktisk fått jobb tilbud, så kanskje eg blir her, haha neida. Eg kjenner det blir godt å komme heim no, eg har liksom mine begrensninger og arbeidsoppgåver.. den siste veka har gått litt sakte nokon dagar, men dagen i dag har vore bra. Det vart Mamma Mia og popcorn! Ditta skapte definitivt god stemning og en liten fredagsfølelse😄

Eg har vore med på mange ulike aktivitetar her nede som musikkterapi, kino, kyrekjesamling og ikkje minst feiring av St. Patrick's Day! Feiring av St. Patrick's Day var definitivt det kjekkeste!! Det var pynta så mykje, god stemning, servering av alkohol og god mat, irsk sanger og sjølvsagt mykje dans og latter!!

Eg har lært så mykje om kultur og kulturforskjell her nede. Men eg har og lært om meg sjølv, eg føler eg er blitt meir ansvarsfull, sjølvstendig og utadvendt.

Alt i alt har denne opplevinga vore heilt fantastisk, den har til tider vore utfordrande, men eg har lært så mykje! Eg kjem virkelig til å savne alle kollegaane og pasientane mine😔  Men kven veit, kanskje eg kjem ned igjen å jobbar her??

Ellers i veka har eg og Iselin vore på kino- beauty and the beast, vi har vore på Intu senteret (shoppingsenter) og på Oxford street. Resten av veka skal vi slappe av, pakke og nyte siste tida før vi reiser heim til kjære Norge❤🙈

KNIGHTS COURT - ISELIN

Vekene her har gått veldig fort, og det er alltid noko som skjer. Dei siste dagane på jobb har gått veldig sakte, på mandag starta dagen veldig brått med at sjukeheimen fikk besøk av inspektører, og vi måtte vise at vi gjorde noko heile tida. Det var spesielt vanskeleg fordi pasientane helst ville sove eller slappe av. Men det gikk fint til slutt, og inspektørene virka fornøgde. Ellers har vi i dag snakka masse med pasientane, lakka negle og spelt monopol. Eine pasiente synst det var morsomt når eg uttalte plassane her nede feil. Det va det han synst va gøyast med heile spelet, haha.

Eller trur eg veka vil gå fort forbi. I morra ska vi ha kaffi morning, der vi er på eine avdelinga, ete kjeks/kake, drikke kaffi og spela domino. Pasientane spør dagleg om kortid vi skal spele domino, dei synst det er utrulig kjekt.

Det skal jammen bli godt å komme heim igjen til kjente omgivelser igjen, og god norsk mat ❤

•Natalie og Iselin 😋


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar