MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

onsdag 15. mars 2017

Veke.2 i jobb

RIVERVIEW LODGE-Natalie

Det har blitt mykje bedre på jobb denne veka, eg har blitt bedre kjent med pasientane, kollegaane og rutinene der. Så det er mykje kjekkare å jobbe når du føler du faktisk er til nytte, Hehe. Eg har ikkje vore med på noko stell endå, og det er ikkje sikkert eg kjem til å vere med på, så eg prøver berre å hjelpe til med det eg kan! Denne veka har eg fått hovud ansvaret for frukosten, så eg skal servere til dei 10 pasientane som er der. Då er det servering av: graut, frukostblanding, Toast, pølser og egg. Og ikkje minst te. Så rydda eg opp, og følgjer pasientane tilbake til stova.

Eg er veldig mykje sosial og er med på mange aktivitetar som aktivitørane planlegger, og det har gjort til at eg har blitt veldig godt kjent med pasientane. Miljøet på jobb er veldig bra, eg har blitt godt kjent med mine kollegaar, så vi har ein kvardag med mykje humor og tulling.

I morgen skal vi feire St. Patrick's day!! Det gleder eg meg kjempe mykje til, dersom det er fint vêr skal vi vere ute i hagen. Der blir det karaoke, irsk sanger på besøk, god mat og mykje dans. Vi har også pynta stova med mykje dekorasjoner, og alle er veldig spent på festen. Pasientane har til og med fått bestilt inn alkohol, og ser veldig fram til en god stund!



KNIGHTS COURT  NURSINGHOME-Iselin

Dagane på jobb går veldig fort, og er veldig kjekke. Det er kjekt å bli kjent med pasientane og høyre på historiane deira. Eg er med aktivitets koordinatane, der vi har 2 aktivitetar kvar dag. Alt i frå brettspill, filmsjåing, golvspill, samtalar med pasientar, suduko osv. På fredag i forje veke fikk eg og ei fra Florø, som eg jobba i lag med, ansvaret for å halde aktivitetene, siden begge aktivitets koordinatane ikkje var på jobb. Vi fikk nøkkelen til kontoret deiras, og fikk bestemme kva slags avdeling vi skulle ha aktivitetene på. Var litt skummelt, men også veldig kjekt og lærerikt.

I dag har vi lakka negler og spelt golvspel. Som var utrulig kjekt for pasientane. Vi får ofte spørsmål om vi kan komme tilbake om nokon daga å fikse neglene igjen. Ellers var det ein pasient som hadde bursdag i dag. Så vi fiksa med litt ballonga og "Happy birthday" plakat i stova, på rommet og på døra til rommet. Når det nærma seg slutten på arbeidsdagen vår, var det tid for å synge bursdagssang og ete kake.

På Fredag er det jo St. Patrick's day, og eg gleda meg til å sjå korleis dei feira den, sjølv om dei ikkje har tenkt å ha ein stor feiring. Får besøk av ein som skal ha litt underhaldning :)




Dessverre på grunn av dårlig nett hos vertsfamilien får vi ikkje lagt ut bilder frå avdelingane på dei ulike arbeidsplassane...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar