MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

torsdag 16. mars 2017

Arbeidsveke 2

Barchester Queens Court Care Home - Siri

Denne veka har ikkje vore så mykje ulikt frå første veka. Dei drive og pussa opp heile lokalet, så det er mykje fram og tilbake. Det eg gjer på jobb, er at eg hjelper til på kjøkkenet, reise rundt til alle romma og serverer kaffi/te og vatn. Dei får også servert alkohol. Dei sjølve veit om dei kan drikke det eller ikkje pga. medisinar. 

Eg er også med sjukepleiarane og følgje pasientane til lunsj. Dei dagane det er fint vêr og vi har tida, prøva vi og ta dei med ut, og gå til parken. 
Dei har som oftast planlagt noko for dei som bur der, enten det er musikk terapi eller ein anna form for aktivitet. 

Eg ikkje så tidlig, så eg får ikkje med meg den mest stressande delen av dagen. 
Vi sitter masse ilag med pasientane og snakkar med dei. 

Barchester har sin egen kokk så dei får mykje god mat, og i tillegg ser maten god ut.




Middlesex Manor Care Home - Talina

Denne veka har for det meste gått i rutine. Eg sstarta dagen med å hjelpe til ved frukosten klokka 9, forså og ha ein aktivitet etter det. Etter aktiviteten har vi(studentane som er der og hjelp til) pause før vi går og hjelper til med middagen. 

Eine dagen gjekk vi rundt å fiksa neglene til brukarane. Dei fekk velje mellom mange forskjellige fargar og syntest det var veldig kjekt. Vi hadde også bingo, og ein leik der vi kasta rundt ein ballong til kvarandre. 

På fredag var det st.patrick`s day, så då hjalp eg til med å pynte eit av romma på heimen klar til ein liten feiring. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar