MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

tirsdag 21. mars 2017

Andre veka i London fullført - Kristine

I veke 2 var fokuset på arbeidsplassen å aktivisere pasientane og velferd. 
Vekene går fort og vi har det kjekt. Onsdag var den mest effektive dagen på jobb for da fekk pasientane bestemme kva aktivitetar dei ville gjere, så det blei mykje forskjellig, til dømes tegning, strikking, musikk og song, bingo, gå tur og ballongleik. 

Eg har observert at det er mange forskjell mellom gamleheim i Norge og i London. F.eks her har eg lagt merke til at dei kan bestikke pasientane med røyk eller sjokolade for å få ting gjort. Har også merka at pasientane liker oss studentar og er meir nysgjerrig på oss. Dei går til oss visst dei er lei seg eller om dei ikkje vil høre på pleiarane så blir vi bedt om å hjelpe til, da ordna det seg, det er rart å sjå kor mykje pasientane stolar på oss på så kort tid, men også godt å vite at vi gir eit positivt inntrykk. 

Eg har lært at dine handlingar blir reflektert av pasientane. Visst pleiarane er litt brutale så vil pasientane bli lei seg eller sinte. Det er nok også grunnen til at pasientane oftast går til oss studentane, fordi vi er rolige og har tolmodighet og dei stolar på oss. 

På min arbeidsplass er det normalt å jobbe 12-timersvakt, det virka ganske tungt for dei er få pleiere som jobba der og det blir lite fri. Det som er positivt med få pleiere er at pasientane ikkje har så mange ulike ansikt å gjenkjenne. 

Det er veldig fint på arbeidsplassen min både utseende og miljøet. 






-Kristine 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar