MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

søndag 19. mars 2017

Siste helga i London

På Lørdag kunne vi endelig sove til vi vakna. Men på grunn av rutinene på jobb, er vi vandt med å stå opp før 0700, så det gjorde vi sjølvsagt... men det var deilig å ligge lenge og ta det heilt med ro! Etter ein stond i senga, sminka vi oss og åt frukost. Så reiste eg (Natalie) og Iselin til Westfield, som er det største shoppingsenteret i London!! Der var vi ein stund, før vi reiste mot Oxford circus for å møte Ingunn til middag på Angus steakhouse:) Etter mykje god mat reiste vi vidare for å sjå den kjente musikalen "The lion king". Musikalen var utulig bra, både når det gjaldt kulissene, musikk og skodespel 珞 etter ca. 2t med musikal, tok vi reisa heim. Vi var heime klokka. 2400, og var ganske trøtte, så vi sovna mildt sagt med ein gong, hehe. 

Neste dag var planen Madame tussauds!!! Vi viste opningstidene, og at det er en kjent attraksjon, så vi reiste inn før den opna. Vi var så heldige at vi slapp inn med ein gong!! Det var ein stor lettelse, då vi var redd for å stå i kø i opptil 2 timar... Madame tussauds levde definitivt opp til forventningane, det var heilt fantastisk, det må berre opplevast!!  vi var der til 1030, etter det reiste vi med overgrunnen til oxford street. Der vart det sjølvsagt litt shopping- siste innspurt🤗🤗

Alt i alt har vi hatt en flott med hektisk helg. Vi har prøvd å bruke den tida vi har, vi har planlagt alt vi ville gjere og gjennomført det! Imorra (måndag) skal vi på kino!

Her er litt bilde fra helga 😆 enjoy 😆










- Natalie og Iselin 💖


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar