MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

tirsdag 14. mars 2017

Helga 10-12 mars

Heihei! Vi er då litt seine med dette innlegget sidan vi eigentleg skulle skrive det søndag eller mandag (upsups), men jaja. Fredagskvelden vår gjekk til å slappe av etter jobb og lade opp til helgas inntrykk.

Laurdags morgon sto vi opp i åtte tida og begynte å gjere oss klare. Vi fekk då ein himmels frukost som bestod av egg, bacon og rista brød. Vertsmor likar å lage til skikkeleg frukost i helgene, medan det går i frukostblanding før jobb i vekedagane. Etter frukost gjorde vi oss heilt klare før vi møtte resten av jentene (- Kristine som låg heime sjuk) på undergrunn stasjonen ved ADC college. Denne dagen var det strålande vær og 15-16 grader ute.

Vi reiste då til Oxford street for å shoppe litt. Med andre ord har helga vår gått til å svi av pengar. Nokre av butikkane vi var på i løpet av laurdagen er blandt anna primark, topshop, new look og urban outfitters. Vi gikk begge to litt gale på victoria secret der dei har alt for fint undertøy(!!!). Line gjekk også litt gal på kingdom of sweets, der dei hadde mykje nytt og spennande.

Vi gjekk først som ei gruppe og etterkvart delte vi oss opp i mindre grupper etter kva butikkar vi ville sjå i. Eg (Line) og Talina såg og eit tog med demonstrantar for kvinners rettigheiter som gjekk midt i gata. Då vart vi begge i ekstremt godt humør i og med at dei både sang og smådansa medan dei gjekk. Vi og Talina begynte heimreisa i 6 tida og stoppa for å teste ut resturanten Nando´s.


Søndags morgon var det meir overskya og grått ute. Været kan variere veldig her, ein dag kan det vere sol medan neste er overskya. Vi åt frukost og gjorde oss klare for å møte gjengen i Waterloo ved London Eye. Der vart Førde gjengen satt i ei anna vogn enn Florø og Sogndal, pluss lærarane. Men dette var ikkje noko vi tok tungt.

Etter vi hadde vert på London Eye reiste 7/8 på London Dungeons som er eit skrekkhus rett ved sidan av London Eye. Sjølv synest eg (Line) det var gøy, sjølv om eg skreik eit par gonger. Dei hadde gode lydeffektar og hadde laga det til ganske bra. Eg (Malene) synst ikkje det var så kjekt, men dette kan vere fordi eg ikkje liker skrekkhus i utgangspunktet :P










Ellers har vi det bra her i London.


- Malene og Line

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar