MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

tirsdag 14. mars 2017

Andre veka i praksis

No er vi komt ut i andre veka i praksis! Og personleg stortrivast eg (Line) på jobb. Sidan dette er ein heim for unge vaksne er det ikkje nokre stellsituasjonar, men eg får vere med på andre ting. Eg har blandt anna spelt ulike brettspel med brukarar, fått skriveoppgåver, vert med bebuarar og ein ansatt for å gjere ulike ærendar, vert med på skjekking av rom osv.

I løpet av dagane eg har vert her har eg fått lære mykje om bebuarne og om psykisk helse generelt. I tillegg har eg fått god kontakt med dei ansatte på plassen. Eg føler meg veldig velkommen av både dei ansatte og bebuarane. Så eg trivast på Jack Gardner House.

I dag prøvde eg ein ny veg på jobb som var mykje raskare enn den eg vanlegvis tar. Så idag var eg på jobb klokka 9 (startar egt ikkje før 10). Men dette passa eigentleg veldig bra sidan dei held på med filming av nokre av bebuarane. Dei har eit filmteam der som jobbar om ein film som gjeld psykisk helse og om korleis Jack Gardner House hjelp bebuarane til å bli betre og gjer dei klare til å bu for seg sjølv.  Denne filmen blir i hovudsak laga for å samle inn pengar til jobben dei gjer på Jack Gardner House. Sidan dette er ein privat heim må dei skaffe pengar til å drive dette sjølv.

Så min dag idag har gått til å sitte bak kamera når dei har intervjua dei ulike bebuarane. På denne måten fekk eg vere med å observere og lære meir om bebuarane. Eg var også ein slags støtte for spesielt ein av bebuarane sidan eg var eit kjent fjes og sidan vi har gjort ulike aktivitetar ilag. Filminga fortsett i morgon. I dag har eg også spelt spel med nokre av bebuarane og ellers snakka med dei i stova.




(Malene)

Etter frukosten i dag var det tid for gudstjeneste i storstova som dei har to gonger for veka (tirsdag og torsdag). Etter lunsj var det tid for filmstund der me såg balletten svanesjøen, medan nokon av pasientane fekk handmasasje og manikyr.

Denne veke er driv vi på å lage til St Patrick´s Day som er på fredag. Da lager vi blandt anna nokre dekorasjonar saman med nokre av pasientane. På fredag blir det feiring s med underholdning som sang, musikk og dans på sjukeheimen frå klokka 15.00.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar