MOYgjengen i London

MOYgjengen i London

fredag 10. mars 2017

Første veka i praksis



Eg jobbar på Middlesex Manor Care home som ligg i Wembley området. Det er ein 3-etasjes sjukeheim der dei fleste av pasientane har demens. Sjukeheimen fokuserar på aktivitetar og har minst ein aktivtet for dag. Dei brukar også av og til å arrangere turar for pasientane til for eksempel Brighton eller London eye. 





Når eg er på jobb møtar eg opp i spisestova i andre etasje, der hjelpe eg til med frukosten. Når frukosten er ferdig går eg opp på aktivetsrommet og gjer klar til aktiviteten som vi skal ha. Første dagen hadde vi bingo noko som pasientane synst var veldig kjekt. Eg og dei andre som jobba der sit også å prata litt med pasientane før vi tar pause. 

                                                                Eit av aktivitetsromma på huset

Etter pausen er det middag og då er eg med å hjelpe dei pasientane som treng det. Når sjukeheimen får inn nye pasientar får pasientane snakke med dei som lagar maten på heimen, dermed får dei vite kva den enkelte pasienten likar og ikkje likar. 


Dei som arbeidar der er kjempe greie og enkle og prate med noko som gjer at eg trivast godt. Eg ser fram til fleire kjekke dagar her i London. 


- Talina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar